Økologisk Ramslauk frå Nøring er laga av vill og frisk Ramslauk frå Hardanger. Me plukkar i stupbratte fjellsider med utsikt over fjord og fjell. Den blir handsama med varsemd slik at aroma og innhaldsstoff ikkje blir øydelagde og blanda med solsikkeolje og havsalt. Slik kan ein på tross av kort haustetid nyta frisk Ramslauk heile året.
Innhald: Ramslauk (Allium Ursinum)*,solsikkeolje* og havsalt.
(55g Ramslauk pr 100g vare)
*=økologisk
Ramslauken blir levert i kasser med 16 stk.