Hardangerkling er ei smurd lefse. I Hardanger er det ein rik tradisjon med lefser. Sjølvaste staslefsa er denne smurde lefsa. Den var tradisjonelt eit fast innslag i brudlaup, barnedåp, jul og andre høgtider. No nyt me lefsa både til kvardag og fest.
Lefsa til Nøring vert steikt på takke, bløytt i klede og til slutt smurd med «kling», me kallar ho rett og slett Hardangerkling.
Hardangerklingen vert levert i kasse med 20 stk
Innhald: Kveitemjøl*, kulturmjølk*, meierismør*, sukker, rømme*, mjølk*, egg*, prim* (mjølk, sukker, sorbinsyre), melis, sirup, natron, sitronsyre, hornsalt
* = allergener
Vekt: 230 g
Haldbar: 5 dagar i kjøleskap etter bakedato eller opptining. Frosne lefser er haldbar i 5 mnd etter bakedato.
Oppbevarast: Kjøle-/frysevare
Sesong: Heile året
Bestillingstid: Lagervare
Tips: ”Når du ser naboen kome nede i vegen, så set du på kaffien og tek lefsa opp frå frysen. Då er begge deler klare til gjesten kjem”