Eldost er inspirert av den kypriotiske osten halloumi.
Del i skiver, tilsett gjerne smak etter ynskje og steik eller grill.
Høver godt til mangt, mellom anna burger, salat, wok eller tapas. Osten er proteinrik og vert gjerne nytta som eit alternativ til kjøt.
Eldost er ein ferskost, som er haldbar minst 4 mnd frå produksjonsdato. Kan frysast.
Innhald: Rå dagsfersk kumjølk (allergen), salt, syrekultur, mikrobiell løype.
Næringsinnhald pr 100 g: 1204 KJ/290 kcal, 21,9 g fett, 0,9 g karbohydrat, 22,3 g protein, 2,5 g salt
Vakumpakka runde ostar mellom 250-350 gram. Osten er ca 11 cm i diameter. Forpakninga høver best for HoReCa.