Bli andelseigar i Hardangersmak

Som andelseigar hjå oss vert du ein del av eit heilt spesielt nettverk, beståande av ein gjeng som alle har det same til felles: Lidenskap for skikkeleg god mat og drikke, lokalt forankra i vår flotte region, og eit brennande ynskje om å dele denne med andre.

Bli andelseigar

Fordelar som andelseigar

Vegleiing

Kvar finn eg statistikk over mine sal?

Logg inn med din leverandørkonto her. I menyen under Administrasjon klikker du på punktet Rapportar – du vil her kunne sjå oversikt over alle dine sal. Du kan sortere og vise rapporter for enkeltvise varer eller tidsperioder, sjå totalt sal, antall ordrer, varer mm.

Korleis oppdaterer eg lagerstatus for mine produkt?

Logg inn med din leverandørkonto her. Gå deretter til Administrasjon (i hovudmeny) og så til Lagerstatus. Høgre kolonne (lagerantall) viser antall enheter du har gjort tilgjengeleg for sal gjennom Hardangersmak.no. Oppdater desse felta om du vil endre tilgjengeleg antall, og klikk Lagre/Send knappen heilt nederst når du har oppdatert alle felta.

Når får eg utbetaling for mine sal?

For utbetaling, logg inn med din leverandørkonto her, og gå til Administrasjon – Utbetaling, og klikk på Be om utbetaling. Merk av for dine ordre, og klikk Send utbetalingsanmoding.

Kan eg føre manuelle ordre inn i systemet?

Ja. Logg inn med din leverandørkonto her, og gå til Administrasjon – Mine Ordrer. Klikk deretter på Legg til-knappen til høgre, og legg til kunde, produkt, og velg betalingsmåte. Hugs og å fylle ut type frakt, samt kunden sin informasjon (leverings- og faktureringsadresse).

Du kan og legge til ein merknad til kunden under Kommentar.

Kven kan eg snakke med om eg lurar på noko?

Om du har spørsmål, ta kontakt med Hardangersmak på telefon 450 06 528, eller e-post på post@hardangersmak.no.

 

Kan eg selge sesongprodukt?

Ja, du kan selge sesongprodukt. Når du har lagt inn eit produkt, blir dette tilgjengeleg for kundane som besøker Hardangersmak.no. Når sesongen er over kan du gjere eitt av følgande:

  1. Deaktivere produktet
    Redigér det aktuelle produktet, du finn dette under Mine produkt. I nedtrekksmenyen under Katalogsynlighet velger du Skjult. Klikk så på  Lagre/Send-knappen nederst.
    Produktet blir då fjerna frå butikken, men du vil framleis ha tilgang til å reaktivere dette frå ditt administrasjonspanel.
  2. Under Lagerstatus, sett følgande:
    1. Administrér lager = Ja
    2. Bestillingsvare = Ikke tillatt
    3. Lagerantall = 0

Lurar du framleis på noko?

Ta gjerne kontakt med oss, så kan vi hjelpe deg!

Kontakt oss